Søndag 12. mars kl.18 er det klart for ein skikkeleg koseleg basar i Helgheim. Då inviterer nemleg Uskedal Skulemusikk alle til ei triveleg stund i ungdomshuset. Som alltid er det masse flotte gevinstar på skulemusikkbasaren så mykje spenning vil nok også utløysa mykje glede. Det blir trekt ut gevinstar både på åreomgangar og på loddbøkene som det no føregår førehandsalg på. Lodda på bøkene kostar 10 kr, og ein kan ta kontakt med musikantar og betala med kontantar, eller endå enklare vippsa beløpet til 133432 (Uskedal Skulemusikk) og skriva melding kva det gjeld viss de har vipps. Nokre musikantar har også vore rundt på bygda og selt lodd. På sjølve basaren kan ein velja om ein vil bruka kontantar eller vipps. Begge deler er like kjærkome! Skulemusikken blir også veldige glade om nokon ønskjer å gje åregevinstar.
Uskedal Skulemusikk ønskjer at mange tar turen til Helgheim søndag kl.18. For å gjera stunda ekstra koseleg, blir det sjølvsagt også musikk av dei flinke unge musikantane og servering.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto/plakat: USM v/styret