Fredag i denne veka kl. 18.00 er det sommarkonsert i Kvinnherad kyrkje. Konserten har tittelen Sommartonar og vi får høyra eit utdrag av det kvartetten Ære og Rustne Menn har øvd på i vinter og vår. Kantor Eva Megyesi vil ha eigne innslag på orgel og piano. Det vert mellom anna framført ein song frå Misa Campesina, ei nicaraguansk bondemesse.

Kvartetten ÆRE med sin musikalske leiar, Eva Megyesi, øver til vanleg i Uskedalen, anten i kyrkja eller på Stemneplassen. Song og musikkgruppa Rustne Menn med Tore Nordahl-Pedersen ( bass ), Svein Rimestad ( gitar ) og Kristian Bringedal ( trekksepel ) øver fast kvar tysdag.

Det er fri inngang til konserten på fredag, men det er høve til å vippsa ei gåve.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Thor Inge Døssland