Begrensa med plasser – førstemann til mølla.

Også i år ønskjer Friluftsrådet Vest å samla ungdom frå 5. til 7. klasse til sommarleir ved Fjelly. Den blir frå 11. til 13. august. Dette er no blitt ein årviss tradisjon då dei tidlegare samlingane har vist seg å vera særs vellukka. Ikkje ein gong litt dårleg ver på enkelte samlingar, har klart å setja ein dempar på humøret og aktivitetane. Dei har hatt det kjekt om det har blitt litt regn og.

Samling på Hauglandsfjellet med Ulvanoso i bakgrunnen.

Overnattingane skjer i ungdomslagshytta Fjelly eller i telt like ved. Det blir varierte friluftsaktivitetar som fisking, bærplukking og matlaging. Ungdommane får og læra litt om kart og kompass, og planlegging av fjelltur. Ein tur til Solfjell blir og truleg gjennomført. Gjennom heile leiren legg dei vekt på den sosiale opplevinga.

Det er plass til maks. 12 deltakarar, og påmeldingsfristen er 5. august. Påmelding til basecampkvinnherad@gmail.com, evt. til Sverre Myklebust, tlf. +47 901 87 436. Prisen på leiren er 500 kroner.

Kartlære og bruk av kompass høyrer med når ein er i fjellet.
Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Arkivfoto