Førstemann til mølla med påmeldingsfrist før 14. juni.

For fjerde sommaren blir det invitert til friluftslivsommarleir i Uskedalen. Det blir 3 dagar spekka med kjekke aktivitetar 26.-28. juni. Klatring i Børsdalen og kajakkpadling er som dei tre tidlegare åra søylene i programmet, men det blir også mange andre kjekke aktivitetar.
To av instruktørane, Solveig Haugland og Ole Petter Storeide, fortel til Grenda at det også blir tid til både rafting i elva, bogeskyting, fisking, sup-brett og kano. – Det er aktivitetar som er testa og utprøvde, og som vi veit fungerer godt, seier Solveig til Grenda.
Leiren er for dei som er fødde frå 2008 til 2011, og det er plass til 25 deltakarar. Dei tidlegare åra har den populære leiren vore fullteikna så her gjeld det å hiva seg rundt og melda seg på. Det er prinsippet om førstemann til mølla som gjeld sjølv om det er sett ein påmeldingsfrist til 14. juni. Påmeldinga skjer til basecampkvinnherad@gmail.com, og prisen er 300 for kvar deltakar. Dersom deltakarane ønskjer det, kan det også bli høve til å ta “topptaukort” og “våtkort”. Då vert det ei tilleggsavgift pr. kort.
I år blir det overnatting i lavvo, og det blir felles middag kvar kveld.
Det er Friluftrådet Vest som arrangerer leiren, men som før er det lokale og dyktige instruktørar som kjenner godt til mulighetene i området.
Både deltakarane og instruktørane kan glede seg til tre flotte og innhaldsrike dagar.

De kan lesa og sjå mange bilde frå fjorårets sommarleir ved å trykkja HER.

Både klatring og sosialt samvær er sentrale element i leirprogrammet.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Arkivfoto: Veslemøy Haugland