Ein kan ikkje anna enn å bøya seg i støvet og vera storveis imponert når ein har fulgt utviklinga i Uskedal skulemusikk dei to siste åra. Etter at dei var berre 6 musikarar då sesongen starta for to år sidan, vil talet ha auka til 17 når dei startar opp til hausten. Når vi veit at mesteparten av tida har vore prega av utfordringane rundt korona, er det mest ufatteleg når ein høyrer kor flott dei svært unge musikarane spelar. Onsdag kveld avslutta dei den musikalske delen av sesongen med konsert i hamnestova i båthamna.

To aspirantar i flott duett!
Flott spel av denne aspirant-trioen.

På grunn av den usikre situasjonen rundt korona var ikkje konserten annonsert, men det var likevel bra med publikum på plenen framfor hamnestova. I hovudsak var det foreldre, søsken, besteforeldre og nokre andre heldige tilhøyrarar. Konserten opna med eit nummer av dei fem aspirantane som vi ser på bildet over, før dei delte seg i ein duo og ein trio. Dei kom veldig godt frå alle tre nummera. Ferskaste i gruppa er Per Håkon Korsvoll som berre har spela kornett i nokre veker. Til liks med dei fire andre imponerte den tidlegare trommisen. Framføringane til aspirantane lovar veldig godt for framtida, og det viser at dei to aspirantinstruktørane Camilla M. Ripel og Hanna Tvilde har gjort ein særdeles god jobb! Etter aspirantane overtok korpset podiet, og etter eit vakkert opningsnummer var det klart for solistnummer.

Finmessingen i korpset!
Grovmessingen i korpset!

På rekkje og rad stilte dei unge musikarane opp og gav oss den ein musikkperla etter den andre. Dessverre gjorde plasseringa og lysforholda at vi ikkje har bilde av alle, men vi fekk høyra følgjande solistar:

  • Søskena Anders og Magrethe Flygansvær Feet spela vakre og velkjende “Alle fugler” som hornduett.
  • Erle Marie Korsvoll spela den nydelege svenske songen “Nu går jag øver ängarna” på kornett.
  • Trombonisten Ola Hermann Fossli imponerte i tema frå Olsenbanden.
  • Anna Hermann Fossli spelte flott i “Flickan i Havanna” på kornetten sin.
  • Solistavdelinga blei avslutta av ein nydeleg tostemt versjon av Vårsøg, framført av kornettistane Ingvild Tvilde og Ebba Hermann Fossli.

Felles for alle solistane er at dei verkeleg imponerte. At dei står fram på den måten og opptrer åleine framfor publikum, er supert. Nokre av dei hadde også berre eit år bak seg i korpset. Applausen dei fekk, var så fortent, så fortent!!

Magrethe og Anders – Alle fugler.
Anna – Flickan i Havanna, og storesøster Ebba følger konsentrert med.
Ingvild og Ebba – Vårsøg.

Det er tydeleg at det er god stemning i korpset. Kjemien mellom musikarane, dirigent Tor Skeie Olsen, dei to instruktørarane Hanna og Camilla og forldregruppa ser ut til å vera på topp. Det verkar som alle kosar seg. Då passa det svært godt at avslutningsnummeret hadde tittelen “Happy”, – eit nummer som det svinga skikkeleg av! Konserten var musikalsk avslutning på sesongen, men neste onsdag ventar ei kjekk sosial samling på Skorpo.

Det er eit ungt korps som let forbausande bra. På konserten fekk dei to som har vore lengst med i korpset, utanom veteranen Nils Rainer Vågen, overrekt 3 årsmedaljen. Det er Ebba Hermann Fossli og Nelly Borgen Hermansen. Dirigent Tor Skeie Olsen påpeika også at det var eit ungt korps, og han var imponert over utviklinga til dei ferske musikarane.
-Heldigvis er det lenge til dei går ut av vidaregåande så vi har godt håp om å behalda dei lenge, sa mellom anna dirigenten. Han har no vore dirigent for korpset i 11 år. Han rosar musikarane og det svært gode samarbeidet med styret og foreldra, så eg trur jammen det er godt håp om at vi beheld den dyktige og populære dirigenten ein del år til, eg! Som eit synleg teikn på at vi set stor pris på han, blei han overrekt vakre blomar. Blomar fekk også dei to dyktige istruktørane Hanna Tvilde og Camilla M. Ripel, som no reiser ut etter å ha avslutta vidaregåande.

Ebba og Nelly blei overrekt 3-årsmedaljen av Haldis Aakra.
Dei unge, flinke instruktørane Camilla M. Ripel og Hanna Tvilde fekk velfortente blomar.
Populær og dyktig dirigent, Tor Skeie Olsen, fekk også velfortente blomar.

Vi er heldige som har dette flotte tilbodet i bygda. Desse musikarane er også særdeles flotte ambassadørar for bygda vår. Eg vil avslutta med eit sitat frå ein utanbygds kollega som var gjest på Stemneplassen 17.mai. Då vi møttest på jobb etter å ha feira nasjonaldagen, sa ho til meg:
-Du, Thor Inge, gubba kor flott dei unge musikarane spelte! Dei må no nesten bli noko eksra!

Kjekt å høyra, og noko å ta med seg for dei unge musikarane!

Tekst, foto og nett:  Thor Inge Døssland.