Onsdag 14. juni kl.17.30.

Uskedal skulemusikk er snart ferdige med ein ny fin sesong. Onsdag 14. juni kl. 17.30 avsluttar dei sesongen med konsert i båthamna. Dette har blitt eit fast innslag dei siste åra, og det er eit resultat av pandemien. Konserten då blei så vellukka at det blei starten på ein årleg tradisjon. På sommarkonserten får vi høyra både nummer som korpset har øvd inn i løpet av sesongen, og solist-/gruppeopptredenar med musikarar i korpset som har lyst til det. Dette skapar ein herleg sommarleg stemning i dei fine omgivelsane. Både publikum og musikarane pleier verkeleg å kosa seg der musikarane sit i/framfor Strandstova og publikum er på plenen.

Det blir ei nydeleg forsommarstund for dei som møter opp i båthamna onsdag 14. juni kl.17.30. Vergudane spelar verkeleg på lag, og akkurat no lovar yr.no strålande sommarver og 25 grader. For dei som ønskjer det, kan det sikkert bli eit bad etter siste nummer.

Bildet over viser grovmessinggruppa då korpset spelte på konserten for to år sidan.

Tekst, arkivfoto og nett: Thor Inge Døssland