Torbjørn Haugland ( 17 år ) starta i ny sommarjobb på Kvinnherad Vekstbedrift i førre veke. Tidlegare har han vore med heime på garden og hjelpt til i slåtten og ved anne førefallande arbeid på ein gard. Torbjørn er til vanleg elev på Framnes Kristne Vidaregåande skule med tilsaman 280 elevar. Han er ferdig med andre året og er klar for det siste året på internatskulen i Norheimsund. På Kvinnherad Vekstbedrift deler Torbjørn på å vera på Vaskeriet og på Trelasten. Han er for det meste på Vaskeriet, men må hjelpa til i Beinavikjo når det trengst

Arbeidsdagen er mellom kl. 07.30 og kl. 15.00. På Vaskeriet opererer han maskinane i rein sone. Det kan vera å halda styr på tørketrommel. rulle, steamar og turking. Det som ikkje kan brettast med maskin, må brettast for hand. Så skal tøyet stablast i hylle og gjerst klar i posar for utkøyring til kunden.

På avdelinga for trelast handlar det om kundebehandling,- finna fram rett vare, blanda måling, finna rett pris og betjena bankterminalen.

Torbjørn Haugland reknar med å stå i sommarjobben fram til byrjinga av august. Så er det siste året på Framnes. Med stuidekometanse frå vidaregåande skule kan det bli studie eller Forsvaret, Tida vil visa kva det vert til.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal