I presentasjonsrunden vår av ungdommar i sommarjobb er vi i dag komne til to blide og kjekke ungdommar som begge glir fint inn i den service-innstilte staben hos SPAR Uskedalen. Begge er kjente ansikt for dei faste kundane, og begge har fartstid frå butikken frå før. Det er Merete Myklebust (22 år) og Mathias Børve (18 år).

Merete er student i Bergen elles i året. Der studerer ho HR og ledelse. Ho fortel at ho er ferdig med 2 år av studiet, og er klar for å gå i gang med det tredje og siste året. Ho trivest godt som student i Bergen. Trivest godt gjer ho også i jobben på Spar.
– Eg likar meg veldig godt. Det er jo derfor eg kjem tilbake, seier ho og grunngjev det med alle dei kjekke folka, – både kundar og kollegaene. Ho seier at det er ein veldig kjekk plass å jobba når ein er er tilbake i heimbygda. Ho treffer jo så mange kjente i løpet av arbeidsdagane. Ja, ho trivest så godt at dette året har ho inspirert veslesøstera Helene til å bli ein del av den trivelege staben også. Det er 2. året Merete jobbar på butikken på Sanden. Før det har ho erfaring frå sommarjobb på Hydro på Husnes.

Mathias er jo nærast fødd inn i butikken som son til ein av sjefane. Han begynte å jobba i butikken for 2-3 år sidan, og i tillegg til sommarjobb har han også jobba ein god del der etter skuletid elles i året. Han er no ferdig med 2 år på studiespesialiserande ved Kvinnherad vidaregåande skule på Husnes. Før han begynner på det 3. og siste året har han, som så mange andre, ikkje bestemt seg for vegen vidare.
– Eg har rett og slett ikkje peiling, seier han, og eg ser for meg ein gut med mange muligheter, noko som nok gjer valget vanskeleg.
Eg prøver meg med at han kanskje satsar på noko innan butikk, men det avviser han bestemt.
– Nei, det blir det nok ikkje. Det er veldig kjekt å jobba her. Fantastisk kjekke kundar, kollegaer og veldig greie sjefar. Vi har det kjekt på jobb, men butikkjobb blir det nok ikkje på meg, seier attenåringen som underteikna meiner allereie har avslørt eit stort service-talent.

Som erfarne medarbeidarar, kan både Mathias og Merete gjera dei fleste oppgåvene knytta til den daglege butikkdrifta. Det gjer at dei får varierte arbeidsdagar. Det er tydeleg at dei trivest, og vi som kundar håpar at vi møter på dei i butikken framover, ja, neste sommar også!

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland