Sommarjobben min - Anders Feet.
Denne veka begynte Anders Feet i sommarjobb hos S. Rødsten Bilforretning AS i Herøysundet. Anders blir 15 år i august, og han skal såleis starta i 10.klasse til hausten.
Han fortel at han har vore med far sin ganske mange ganger på jobb hos Rødsten, og så spurde dagleg leiar Vegard Jegteberg han om han var interessert i sommarjobb. Det blei han veldig glad for og takka sjølvsagt ja.
Anders sin jobb består i hovudsak i klargjering av både nye og brukte bilar for salg. I tillegg har vore med og skifta frontrute, bremseklossar og dekk saman med mekanikar. Vanleg service av bilar har han òg vore med på.
Det er ein super jobb, synest han, og han seier at Rødsten er ein strålande plass å jobba. Det er første sommarjobben hans.
Jobben er nok midt i blinken for Anders, for han fortel vidare at han håpar å bli bilmekanikar om nokre år. No håpar han at sommarjobben varer fram til skulestart, men innimellom skal han ha ferie når faren har sin ferie.
På fritida spelar Anders i Uskedal skulemusikk. Der spelar han no for det meste slagverk, men han trakterer også horn.
Tekst og nett: Thor Inge Døssland. Foto: Lars Martin Feet.