Måndag 24.januar var det lansering av nye og spennande Subaru Solterra hos S. Rødsten bilforretning AS i Herøysundet.  Det var stor interesse for denne nye bilmodellen, og både dagleg leiar Vegard Jegteberg og bilseljar Christos Sandvik var travelt opptatt med interesserte kundar då uskedalen.no var ein kjapp tur innom tidleg på føremiddagen.  Det var tydeleg at mange var nyfikne på bilen som blei lansert, for nye interessentar kom inn døra med jamne mellomrom. Over ser vi ein fornøgd bilseljar, Christos Sandvik, saman med Ove Magne Myhre og Oddvar Fludal, som begge var interessert i å få meir kjennskap til Solterra.

Hans Thunold er godt fornøgd med plassen i baksetet.

Etter lanseringsdagen er bilseljar Christos Sandvik svært fornøgd.
– Det var kjempegodt oppmøte av kjekke og interesserte kundar.  Det er tydeleg at mange har venta på Subaru sin første heilelektriske SUV, og vi fekk mange veldig positive tilbakemeldingar, oppsummerer han etter dagen.

Solterra er ein bil med flott, framtidsretta og moderne design.  I kjent Subaru-stil har den høg bakkeklaring. Den er sjølvsagt utstyrt med Subaru sitt velkjende og gode 4×4-system.  Dei eksakte tala for rekkevidda er ikkje heilt klare enno, men det er i alle fall sikkert at den er over 400 km.

Størrelsen på bilen er litt mindre enn Subaru Forester, men litt større enn Subaru XV.
– Det er ein perfekt bil for det norske folk, seier Christos Sandvik, og legg til at det er ein kraftig bil med 218 hk og ein tilhengarkapasitet på 750 kg.

Bilseljaren har allereie merka seg den store interessa for bilen og trur at Solterra vil bli ein kjempesuksess.

Dagleg leiar Vegard Jegteberg(t.h.) fekk litt tid til å slå av ein prat med karane som kom med bilen.
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland