Møt opp i Aktivitetshuset kl.19.

Det er stort engasjement for å hjelpa folket i Ukraina i den fortvila situasjonen som har oppstått.  I Uskedalen blei det kjapt teke initiativ til å arrangera ein solidaritetskonsert, og torsdag etter påske går den av stabelen i Aktivitetshuset (skulen).  Det er lagt opp til ein variert og publikumsvennleg konsert med kjapp avvikling der aktørane har tilknytning til bygda.

Annonse i Kvinnheringen 12.04.

Konserten blir i to deler. Det er ikkje lagt opp til konferansier mellom nummera, men svært korte avdelingar og raske skifte mellom aktørane, nærast som ein stafett.  Deltakarane er 7.klassingen Martine Myklebust på piano, vokalensemblet Glimrah, den glade trioen Rustne Menn, det velkjende koret Røysterett For Alle, veteranblåsarane i musikklaget, kvartetten Ære og Eva Megyesi på piano. Det ligg an til ein konsertkveld med variert og publikumsvennleg innhald. Variasjonen er også stor i alder på aktørane frå den unge pianisten Martine Myklebust til den nær 90-årige kornettisten Bjørgulv Eik som framleis er i utvikling.

Ved ein slik støttekonsert i Uskedalen er det naturleg å kanalisera hjelpa gjennom THK-stiftinga som vi har fått eit nært forhold til frå hjelpearbeid i Ukraina gjennom mange år. Det blir høve til å gje gåve i samband med konserten.  Dette kan gjevast både som vipps, overføring til konto eller som kontantar. Midt i konserten blir det og appell/helsing frå THK-stiftinga.

Hjarteleg velkomne til ei vakker og viktig konsertstund torsdag kl.19!

Tekst, foto og nett:  Thor Inge Døssland