Sola er eit viktig samtaletema. Kva tid kjem sola. Kor kjem sola fyrst og sist. Kva tid har vi sola heile dagen. Alt dette er spørsmål og drøfitngar mange i Uskedalen er svært opptekne av. Mest sol og sol heile året finn vi på søre Musland og på Fjellandsbø. Deler av Skorpo har også sol heile året. Kjærland har ein liten solglytt gjennom Børsdalen. Så går det slag i dag. I dag, fredag 20 januar, var sola å sjå i Beinavokjo, merkeleg for mange så lågt og ned i ei vik, vil du sei. Sola kjem fram mellom Ulvanåso og Englafjell. I måndsskifte januar/februar er sola å sjå på Myklebust og på Dønhaug, det same med Neset, Holmen og Korsneset. Noko seinare kjem sola ned Eikedalen. Med andre ord: Det går mot lysare tider. Barnehagane kan gjera seg klare med lysfesten.

Kjærland har mest sol av alle nede i dalen. Skorpo har sol heile året. Det same har søre Musland og Fjellandsbø.
Fjellandsbø badar i sol i dag.
Teskt/foto/nett: Kristian Bringedal