
Snø - snø - snø og meir kjem det i morgon.
Det har lagt ned mykje snø i dag, til å vera i Uskedalen. Det er langt frå den snømengda vi hugsar frå jule- og nyårshelga 2009/2010. 19. desember og natt til 20 desember kom det 70 – 80 cm snø. Straks etter kom det eit kortvarig mildver, men så fraus det på og snøen låg i tre månader til ut i mars. Det var den vintereren det vart køyrt opp skispor på bakkane til Tormod og Kåre J. Myklebust. Mange nytta dei fine dagane og kveldane til skigåing og skileik på Myklebust,

I dag tidleg frå kl. 09.00 var det vanskeleg å ta seg fram på vegen og på sidevegane. Straks brøytebilen og traktorane kom i sving vart det betre. Brøytemannskapa har hatt det travelt i heile dag. Prioritert er mellom anna fylkesveg, kommunale vegar fram til skule, barnehage, institusjonar, kyrkjer. Så kjem vegane i byggefelta og private vegar, ikkje minst der ein veit at heimesjukepleien skal fram.

I morgon, fredag, er det meldt store snømengder, på det meste opp til 40 cm. Av det vi kan sjå på Yr.no sine animasjonar, ligg ikkje Kvinnherad og Uskedalen inne i det som er lilla sone og som er plassane der det kjem mest snø.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal