
Slutt på all parkering i båthamna - berre tillate for medlemer i Båtlaget.
Mange har merka seg skiltinga i Båthamna i Uskedalen. Skilta Privat veg, Ingen gjennomkøyring og Parkering forbode er ei sterk markering om at no er det slutt på all vanleg parkering i båthamna. Det er parkering berre for medlemer i Uskedal Båtlag. Slik tekstane er skrivne, er bodskapen klar: Ingen gjennomkøyring og ingen parkering. Borttauing på eige ansvar og eigen risiko. Skiltinga har ein klar avvisande effekt og er slik, mange ser det, uheldig for Uskedalen som ynskjer å vera ei attraktiv bygd. Kan løysinga vera at det er pakering primært for medlemer og elles etter avtale, til dømes ved gravferder i kyrkja der mange folk er samla. Uskedalen.no har bedd om kommentar frå styret om bakgrunnen for vedtaket. Svar kjem.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal