Slik vil vi ikkje ha det på Kunstgrasbanen !
Elevane på Uskedal skule ryddar minst ein gong i veka på område rundt skulen, på uteområde og i badestranda. Likevel ser vi, og andre, at det er behov for å rydda litt oftare, og då spesielt på og ved området rundt Kunstgrasbanen. Rektor oppmodar alle om ta ein prat med borna og ungdomane om kor vi gjer av boset vårt, slik at vi kan unngå å møta slikt som vist på biletet.
Det har dei siste dagane vore både organiserte og uorganiserte samlingar på Kunstgrasbanen. Det fine veret og eit meir ope samfunn i Covid 19 situasjonen gjer at vil alle har trong for å koma oss ut og vera aktive. Det er fint. Men, store samlingar fører ofte til attlate søppel og bos. Med vinden fyk det vidare på naboane og ofte på sjøen.
Difor er dette ei sterk oppmoding om å ta boset med seg eller få det plassert i ein søppelkontainar.
Tekst: Odd Steinar Arnesen/ Kristian Bringedal
Foto: Uskedal skule
Nett: Kristian Bringedal