Vi har fått spørsmål frå lesarar korleis dei kan finna tidlegare vinnarnummer på Uskedal skulemusikk sin adventskalendar. Vi skal prøva å gje ei enkel forklaring på korleis de kan gjera det her på nettsida.
Gå inn på fana Nyhende. På PC finn de den øverst. På mobilar finn de den ved å klikka på dei tre strekane oppe i høgre hjørne.
På Pc finn det Mest populære saker siste 30 døgn i høgre spalte. Nedanfor dei finn de Kategoriar. Klikk så på Adventskalender, og då vil de få opp alle sakene med trekningar.
På mobil finn det dei siste nyhetene når de klikkar på dei tre strekane. Nedanfor dei finn de Mest populære, og deretter Kategoriar. Klikk på Adventskalender.
Eg er usikker på kor pedagogisk denne forklaringa blei. Derfor skriv eg vinnartala til no nedanfor. Eg vil også repetera vinnartala med jamne mellomrom.

Vinnartala frå 1.desember til og med 7.desember er:

46, 273, 355, 127, 120, 236, 598, 134, 315, 133, 263, 297, 506 og 141.

Tekst, foto og nett:  Thor Inge Døssland.