For eit par veker sidan oppdaga ein turgåar litt dyreavfall på turvegen ovanfor vassverket på Eik. På grunn av ei sak frå to år tilbake der det blei funne slakteavfall av fleire hjortar i skråningen ned mot Eikeelvo 20-30 m nedanfor hovudinntaket til Uskedal vassverk, blei det då undersøkt nærare. Resultatet var at dei fann slakteavfall frå to hjortedyr, ei kolle og ein åringsbukk, som var dumpa i skråningen ned mot elva. Det ligg slik til at det ikkje blir sett frå vegen.

Hans Reidar Kjærland, leiar i Uskedal vassverk, seier til uskedalen.no at det er fleire grunnar til å tru at avfallet skriv seg frå tjuvjakt, og ikkje normal jakt. Akkurat på same plass fann dei slakteavfall også for to år sidan.
– Slaktinga er utført på ein måte som ikkje er vanleg under hjortejakt, i alle fall ikkje på våre kantar. Alt kjøtet er skore av medan heile skjelettet, skin, hovud og føter og innmat er dumpa, fortel Kjærland og legg til at hovuda til begge dyra er heilt inntakt.
– Kjever skal jo normalt sendast inn, men dei er ikkje fjerna så det er også eit teikn på at det er tjuvjakt, held Kjærland fram.
Han tvilar på at dyra har blitt slakta på plassen, for det har vore ein heila jobb. Mest sansynleg er dyret skote ein annan plass. Så kan det ha blitt frakta til ein slakteplass, og deretter kan avfallet ha blitt kjørt og dumpa ved Eikeelvo. Det er bilveg heilt fram, og plassen der avfallet låg, kan altså likevel ikkje sjåast frå vegen.
– Truleg er det dyr eller fuglar som har drege med seg det som vart funne på turvegen, meiner Kjærland.

Politiet er kopla inn i saka, og både dei og vassverksleiinga ser særs alvorleg på saka. Ekstra alvorleg blir det når dei veit at det også har skjedd tidlegare.
– Vi kan ikkje risikera slik tankeløyse skal gjera at ei heil bygd får skadelege bakteriar i drikkevatnet sitt. Derfor er både vassverket og politiet intereserte i observasjonar som kan kasta lys over saka. Vi ber også folk om å vera ekstra vakne framover slik at dette ikkje skjer igjen, seier Kjærland.

Dumpingplassen var altså nedanfor hovudinntaket. Derimot var det ovanfor reserveinntaket som til tider må brukast. Heldigvis har ikkje det vore i bruk i denne perioden.

Slakteavfallet er er no fjerna, kjørt vekk og grave ned på forsvarleg måte ein annan plass.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Hans Reidar Kjærland