Det blei særdeles koseleg stemning i båthamna då Uskedal skulemusikk inviterte til sommarkonsert onsdag. Denne konserten er blitt ein flott tradisjon som avslutning på skulekorpssesongen. Det var godt oppmøte av publikum som fekk oppleva ei flott stund saman med dei unge musikarane. Prestasjonane til musikantane hadde fortent ei meir omfattande dekking enn denne travle meldaren får tid til, og på toppen av alt svikta fotograferinga heilt under første del av konserten.

Konserten fekk ei flott opning då korpset opna med den flotte og velkjende marsjen “Slaidburn”. Dette er ein skikkeleg marsj med god trøkk, og korpset kom godt frå framføringa. Eg la også særleg merke til solistinnslag i kornett som blei nydeleg spelt av Ebba Hermann Fossli.
Uskedal skulemusikk er kjend for sine mange flinke, tøffe, unge solistar. Også denne gongen kom dei som perler på ei snor:

Ann Cecilia med den mjuke og flotte kornettonen.
  • Ylva Helgesen på bariton spela “Fargo”. Flott levert og ei god start.
  • Ann Cecilia Yri på kornett spela “Pippi Långstrømpe”. Ho framførte nummeret med nydeleg tone i instrumentet. Eg er svært imponert over den mjuke, vakre kornettklangen denne unge musikaren alt har utvikla.
  • Ann Cecilia spela også duett saman med Nora Tungesvik i “Bjørnen sover”.
  • Erle Marie Korsvold viste også at ho framleis handterer kornetten godt sjølv om ho skifta over til trombone i januar. Ho framførte Ole Edvard Antonsen sin nydelege “Vidda”
  • Så blei det hornmusikk, “Kom og høyr på hornmusikk”, sjølvsagt framført på horn av M & M, Mileah Myklebust og Margrete Feet.
  • Anna Hermann Fossli har imponert mange gonger. Denne gongen hadde ho ei solid framføring av “Tir n`a Noir”.
  • Deretter fekk vi høyra ei nydeleg framføring av storesøster Ebba Hermann Fossli då ho tok publikum med i eit krevjande arrangement av ” Silver threads among the Gold”.
  • Vi fekk høyra meir kornettspel då Nora Tungesvik fulgte opp med det kjekke temaet frå Flåklypa.
  • Erle Marie Korsvold viste også at ho har lært å spela trombone då ho framførte “Bro, bro brille” saman med Anna Hermann Fossli.
  • Solistavdelinga blei avslutta ved at korpsets eldsteman, Nils Rainer Vågen, framførte publikumsvennlege “Baritone Lechner” på euphonium tydeleg ispirert av Tormod Flaten i framføringa. Nils Rainer er kommen godt av garde på instrumentet sitt, og denne utviklinga vil truleg skyta fart når han til hausten begynner å studera ved Griegakademiet og forhåpentlegvis får plass i eit godt korps i Bergen og omegn. Forhåpentlegvis kan han også vera litt aktiv i Uskedalen og.

Korpset hadde ei rosin i pølsa til slutt. Deira superartige versjon av “Bæ, bæ lille lam” slår allid an hos publikum. Denne måtte dei spela to ganger etter taktfast trampeklapp frå publikum.

Publikum storkosa seg!

I tillegg til den flotte musikken overrekte styret gåve til den supre dirigenten gjennom dei siste 13 åra Tor Skeie Olsen og til hjelpeinstruktør Nils Rainer Vågen.

Og etterpå var det fest for musikarar med familie på Perla med pizza og ei rad utmerkingar som Årets mest tolmodige, Årets solist, Årets potet…………
Så er det berre å lada batteria, og fortsetja den gode utviklinga den kommande sesongen!

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland