Uskedal skulemusikk har dei siste åra hatt ein særs stemningsfull julekonsert i Strandstova i Båthamna. Den har samla mykje publikum som verkeleg har fått føla på julestemninga. Konserten går som planlagt på onsdag kl.18, men den må flyttast til Helgheim. Årsaka er det kalde og fine vinterveret. Det kunne jo skapt ei fin ramme rundt sjølve konserten, men det hadde blitt altfor kaldt for både publikum og musikarar. Ventilane på instrumenta ville nok også ha frose så dermed hadde det vore umogeleg å presentera anna enn utonar i denne kulden.
Inne i Helgheim kan vi oppleva ein varm og stemningsfull konsert før vi går ut i det vakre vinterlandskapet. Det blir julestemning, det!!
Leiar i Uskedal skulemusikk, Monica Hermann, fortel at dei unge musikarane har mykje på programmet. I tillegg til nummera som korpset spelar, er det mange musikarar som har meldt seg til å opptre åleine eller i små grupper.
– Det er veldig mange som har meldt seg, og det syns vi i styret er jysla kjekt. Det gjev ikkje berre konserten god breidde og variasjon. Det er også veldig god og verdfull øving for dei unge til å opptre for publikum. Eg håpar verkeleg at mange tar turen for å høyra på dei onsdag kl.18, avsluttar skulemusikkleiaren.
Det er som vanleg Tor Skeie Olsen som svingar taktstokken når korpset spelar.
Bildet over er frå konserten i båthamna for to år sidan.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland