Den glade gjengen som de ser på bildet over, spelar i Uskedal skulemusikk. Frå hausten av håpar dei at endå fleire vil vera med på denne kjekke hobbyen. Dei tar opp nye aspirantar i haust, men dei vil allereie no ha ei melding frå dei som veit at dei har lyst til å vere med, Alle som har lyst og er frå 2. klasse og oppover er velkomne. Dei kan melda frå til Monica Hermann (906 35 493) eller Haldis Aakra (970 43 869) i styret i Uskedal skulemusikk.

I skulemusikken har dei det veldig kjekt i lag, og aspirantane øver samtidig med korpset på onsdagar kl.17. Siste året har dei hatt ei særs vellukka ordning med at unge musikarar frå eigne rekkjer har stått for instruksjonen. Det er også ei svært billeg ordning for dei som blir med. Når Hanna Tvilde og Camilla M. Ripel no er ferdige med vidaregåande skule, overlet dei aspirantopplæringa til Nils Rainer Vågen. Den dyktige euphoniums-/barytonspelaren har alt god musikkbakgrunn. Han går på musikklinja ved Stord vidaregåande skule, og i tillegg til Uskedal skulemusikk har han erfaring frå Sagvåg musikklag og Leirvik skulekorps.

No er altså tida for å starta med denne utviklande og kjekke hobbyen som ein kan ha glede av heile livet. Det er eit svært billeg tilbod. Det er berre å ta kontakt med Monica eller Haldis.

Tekst: Monica Herman/Thor Inge Døssland.
Foto: Monica Hermann
Nett: Thor Inge Døssland