Fyldigare gevinstliste enn nokon gong.

Som dei 10 føregåande åra sel Uskedal skulemusikk dei populære adventskalendarane også i år. Gevinstlista blir betre og betre, og den når ein foreløpig topp dette året. Kvar dag frå 1. til 24. desember blir det trekt ut to flotte gevinstar. Både private og firma har vore svært rause og har sponsa med gevinstar. Dette er skulemusikken særs takksame for. Inntektene frå salget av adventskalendarar er viktigaste inntektskjelda til korpset.
Onsdag fekk dei flinke musikantane utdelt kalendarar for salg i tildelte ruter. Det er alltid kjekkast å kjøpa når dei blide musikantane kjem på døra, men det er også salg via sosiale medium. Ein annan måte å sikra seg adventskalendar på, er å ta kontakt med Kjell Harald Tungesvik, tlf. 917 89 595, og avtala kjøp og henting/levering. Han kan og kontaktast om de har andre spørsmål vedkommande kalendarkjøp.
Adventskalendarane er også i år å få kjøpt hos Gros Blomster.
Prisen er den same som dei 10 føregåande åra, – 100 kr pr. kalendar.
Nummera som blir trekt ut med gevinstar, blir kunngjort på uskedalen.no kvar dag i førjulstida slik det har vore gjort før.
No er det berre å kjøpa kalendarar og venta i spenning kvar dag i desember fram til julaftan. Det skaper julestemning, det.

Tekst, skjermdump og nett: Thor Inge Døssland