Klokka fem onsdag ettermiddag sat dei unge musikarane i Uskedal skulemusikk klare på stolane for å blåsa dei første tonane for denne sesongen. For dei fem på bildet over, Nora, Ann Cecilia, Ylva, Vilde og Per Håkon(bildet over) var det ekstra spennande. Dei var aspirantar i fjor, og var på si første øving med korpset. Dermed var ferien over, men nokre kunne fortelja at dei hadde øvd litt og spela for familie og venner i sommar. Tre av medlemmene hadde vore på NMF sine kjekke og gode sommarkurs på Klepp og i Tysvær. Der samla dei masse kjekke og sosiale og musikalske opplevingar, og Ebba Hermann Fossli fekk mellom anna oppleva å møta og spela med den svært så populære Blåsemafian.

Ebba Hermann Fossli var på Rødt sommarkurs på Klepp og fekk oppleva å spela med svært så populære Jørgen Lund Karlsen, Stig Espen Hundsnes og Sigurd Evensen i BLÅSEMAFIAN.

Styret hadde lagt opp til ein litt mjuk start. Det tar på leppene å blåsa i messinginstrument så derfor varte øvinga berre ein time. Neste tirsdag blir det lagt opp til ei spennande og leiken øving. Først er det vanleg øving i ein time, og deretter er det noko som dei har kallar “olympiske korpsleiker”. Det er så spennande og nytt at underteikna ikkje veit kva det er, men vi lovar lesarane våre at vi skal dekka det!
Tirsdagen deretter, 1.september, er det så full øving for korpset frå kl.17 til 18.45. Då er det også prøveblås for nye aspirantar.

Prøveblås.
Tirsdag 1.september er det altså tid for prøveblås. Då kan dei som kan tenkja seg å begynna å spela messinginstrument, komma og få prøva ulike instrument som kornett, althorn og baryton. Styret håpar at det dukkar opp mange prøveblåsarar. Dersom det er nokon som vil prøva instrument på ei anna tid, kan dei avtala dette med Anja Strüter, 992 93 645. Å spela i korps er ein billeg og kjekk hobby som ein kan ha stor glede av heile livet!
Det er Nils Rainer Vågen som skal vera instruktør for aspirantane dette året. Han har solid bakgrunn og startar no på 3. året på musikklinja ved Stord vidaregåande skule. Han har etterkvart brei erfaring som korpsmusikar. I tillegg til skulemusikken har han fleire sesongar bak seg i Sagvåg musikklag og Stord skulekorps. Han har også vore på fleire av NMF sine sommarkurs.

På øvingane må dei framleis halda god avstand. I bakgrunnen ser de dirigent Tor Skeie Olsen som startar på sin 12. sesong og instruktør Nils Rainer Vågen.
Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Privat og Thor Inge Døssland