Flott konsertstund i Rosendal Samfunnshus torsdag.

Til helga føregår den årlege storkonkurransen Hordablæsten for skulekorpsmusikantar i Grieghallen i Bergen. Kvinnherad er representert i fleire klassar, både korps, ensemble og solistklassen.
Musikarane reiser til Bergen fredag, laurdag føregår korpskonkurransen, og der går Rosendal skulekorps/Uskedal skulemusikk på scenen i Peer Gynt salen eit par minutt før klokka tolv.
Søndagen er sett av til ensemble- og solistkonkurransar. Der deltar sekstetten “Honk Horns” i ensemble-klassen og Husnes-jenta Avrova Zimina i solistklassen. Torsdag fekk publikum høyra programmet i Rosendal Samfunnshus. Det viste godt førebudde musikantar, men vi veit at konkurransen som ventar er hard med alle dei flinke, unge korpsmusikantane i fylket på plass.

Konserten torsdag starta med den 12 år gamle Avrora Zimina som skal delta i solistkonkurransen. Ho imponerte stort då ho framførte to stykke med titlane “Monsieur Satie Reflects” og “Brutal Saxophone” på den vesle saxofonen sin. Eit stort talent.
Deretter fulgte publikumsfavorittane “Honk Horns”, samansett av 6 musikarar frå Husnes, Rosendal og Uskedalen. Dei spelar ikkje berre frisk, svingande og publikumsvennleg musikk, dei er alle svært flinke på instrumenta sine trass i sin unge alder. Gruppa er samansett av: Ola Hermann Fossli (tuba, 15 år), Anna Hermann Fossli (kornett, 12), Artur Zimin (slagverk, 14), Avrora Zimina (saxofon, 12), Sigrid Lunestad Opland (kornett, 15) og Theodor John Børretzen (trombone, 15). Dei starta med ulande utrykningssirener i stykket “Trafikk” før dei avslutta med skikkeleg svingande dixielandmusikk i “Dixie Joker”. Dessverre klarte eg ikkje å få lagt inn lydfilene eg tok opp, på denne sida.

Honk Horns.

Siste post på programmet var Rosendal skulekorps/Uskedal skulemusikk som spela 4 nummer under sin dirigent Nick Hughes. Vi fekk høyra musikk med innslag frå folkemusikken før dei avslutta med Vamp-klassiskaren “Månemannen” som gjer seg særs godt i korpssamanheng. Trombonisten Theodor John Børretzen hadde ein nydeleg trombonesolo i framføringa av “A Keltic Lament” medan Ebba Hermann Fossli viste talentet sitt i flott solistinnslag i “Alt under Himmelens Faste”. Programmet viste at korpset har mange flinke musikarar, er godt førebudde og har teke steg i ein positiv utvikling gjennom oppkjøringa til konkurransen. Ei flott kveldstund i Rosendal Samfunnshus.
Under følgjer videoopptak frå dei to siste nummera. Det gjev sjølvsagt ei heilt anna oppleving å vera publikum i salen enn gjennom opptak gjort med mobiltelefon.

“Alt under Himmelens Faste” med solistinnslag av Ebba Hermann Fossli
Deler av “Månemannen”

Vi ønskjer både korps, ensemble og solist lukke til på lørdag og søndag.

Tekst, foto, opptak og nett: Thor Inge Døssland