Skulen og barnehagen markerte Lucia i dag. Skulekameratane gjekk tog gjennom gangane og i klasseromma. Tradisjonen er at kvar 13. desember går kvitkledde born med lys i håret og deler ut lussikattar. Lucia er god mot alle fattige og vil alle vel. Skikken med Lucia er henta frå Sverige, men i Noreg finn vi også ein tradisjon knytt til denne datoen. Det er Lussi, ein kvinnleg skremselsfigur som gjekk rundt på gardane for å sjå at alt, som skulle gjerast til jul, var i rute. Bilete, vi brukar her, er ikkje av dei beste, men det er det vi har.

Tekst/ nett: Kristian Bringedal
Foto: Privat