Fyrlykta på Skorpo ( Gavelen ) vart bygd og montert i 1902. Det offisielle namnet er Skorpegavelen fyr – Storsund i Kvinnherad kommune. Fyrlykta har med dette fungert i 120 år. Olaf Agnar Gausvik har henta fram kunnskap om fyrlykta frå Kystverket, dette i samanheng med eit større arbeid han gjer med å finna fram til kjeldestoff og minne om farty, store og små, tilhøyrande i Uskedalen.

I meldinga frå Kystverket kjem det fram kva endringar og ombyggingar som har funne stad på desse åra. Alt i 1915 var det ein større kontroll på installasjonen. I 1962 kom ei ombygging frå olje/gass til elktrisk drift. Neste endring var i 1993 då ein fekk solcelledrift. Den siste ombygginga var i april 2020 med overgang til LED lyskjelde med overvaking, som erstatta lampeskifter med pærer, karakterverk og skjermglas. I tillegg vart lyssektorane endra etter krav frå internasjonal standard.

Lars Henrik Skogtun i Herøysundet fortel at Kåre Hjelmeland lenge hadde tilsyn med lykta. Før det var det ein på Herøya som hadde denne oppgåva. Dersom du kjenner til eller har informasjon om tilsynsmenn, ta kontakt med uskedalen.no på e-posten: uskedalen.no@gmail.com

Tekst/ nett: Kristian Bringedal
Foto: Kystverket
Kjelde: Olaf Agnar Gausvik