Skrivekurs i Uskedalen
Har du ei historie i deg? Kanskje du har tenkt på det i årevis. Nokre dikt, ein roman, ei barnebok? Finn historia di!
Mona Vetrhus skal ha skrivekurs i Gamleskulen 17. og 18.oktober. Her kan du bli med på to dagar med inspirerande skriveoppgåver og tilbakemeldingar på det du skriv. Ingen forkunnskap er nødvendig.
Mona er forfattar og har jobba som rådgjevar for forfattarar og vore konsulent for forlag. No vil ho hjelpa andre til å finna si historie og skriva den ned.
Prisen for kurset er 2900 kroner. Men om du melder deg på innen 27.september får du kurset for 2500 kroner. Det er plass til maks 10 deltakarar. Så her er det berre å melde seg på! Ta kontakt med Mona om du er interessert.
Tekst/nett: Marianne Korsvold / Mona Vetrhus Foto: Mona Vetrhus