Skriftstyret ved Astrid Haugland, Svein Rimestad og Thor Inge Døssland har overlevert artiklane og bilda til Åslaug Snilstveit i Salikat Design, sjå bilde på topp. Dermed er Uskedal historielag i innspurten på eit stort og omfattande arbeid med klargjering av bok 3 i serien Den nære fortida. Boka vil innehalda 20 artiklar. Det er samla ca 440 bilde som skriftstyret har slanka til 270. Av desse vil Åslaug Snilstveit i Salikat Design gjera eit utval. Årbok 3 vil ha fleire sider enn dei føregåande. Bok 1 & 2 kan framleis kjøpast hos SPAR Uskedalen og skriftstyret. 300 pr bok til vipps 763803 eller konto 3207.37.52026.

Tidsplanen fram mot lansering ser slik ut:

  • 20. august: Start førehandsal på nett
  • 24. august: Bygdadag med stand og førehandssal
  • 15. oktober: Frist for førehandssal til redusert pris, kr. 250,-
  • Betalande medlemer: 1 eks. til halv pris, kr. 150,-
  • 1. oktober: Overlevering til trykkeriet
  • 10. november: Bokslepp i Helgheim med kulturelle innslag, kaffi og heimebakst.

Meld frå til Kristian Bringedal ( 915 31 487 ) dersom du/ verksemda di vil vera sponsor til boka. Minstesum: kr. 2 000,-. Namnet kjem på sponsorlista bak i boka. Gratis bok. Invitasjon til bokslepp med høve for profilering.

Bok 1 og 2 er framleis å få kjøpt på SPAR Uskedalen eller ved å venda seg til skriftstyret.
Tekst: Thor Inge Døssland/Kristian Bringedal
Foto: Ingvild Sjo
Nett: Kristian Bringedal