Dersom alt går etter oppsett plan, startar arbeidet med mellombels sikring av kyrkja i Uskedalen. Det vert iverksett montering av skråstøtter på utsida av kyrkja mot nord. Dette vert gjort etter tilråding frå konsulentselskapet Omega 365 Protek AS. Inne i kyrkja er det alt montert skråstag i metall på tvers av kyrkjeskipet.

Illustrasjonsfoto frå rapporten til konsulenten.

Ein reknar med å vera ferdig med arbeidet i komande veke. Arbeidet tek til tysdag 26. mai og er rekna å ta nokre dagar.

I tida kyrkja har vore stengd, er Helgheim nytta til kyrkjelege handlingar. No er alt utstyret flytta tilbake til kyrkja. Soknerådet og kyrkjekontoret har berre godt å sei om bruken av Helgheim, sjølv om det er noko meirarbeid med tilrettelegging og gjennomføring.

Neste gudsteneste er sundag 7. juni. Alt helga før må kyrkja vera klar for bruk. Då er det brudlaup i bygda med vigsel i Uskedal kyrkje. Helga etter det eit nytt brudepar med same sermonien.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkivfoto/ Illustrasjonsfoto frå rapporten til konsulenten