Det mystiske Skorpetrollet i innseglinga til Uskedalen er litt tannlaust for tida. Den store steinen i ei klyft i Skorpegavelen er eit landemerke og båtgjester tek ofte turen bort til den blankskurte fjellveggen for å helsa på trollet. Raudmålinga frå eit hærverk for 10 år sidan er mest ikkje synleg. Naturen har teke steinfiguren tilbake til slik den skal vera.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal