Eigarane av Haugland skogsveg prøver ut ei ordning med bomveg. Porten er open, ikkje låst, og kvar brukar betaler avgift slik det er føreskrive på skilt. Til no har Astrid og Pål Haugland hatt ansvaret med utkvittering av nøklar og innkrevjing av avgift frå brukarane, anten det er på årsbasis eller ved tilfeldig bruk. Det tek tid og til tider har bruken av skogsvegen vore ute av kontroll. Nøklar har vore lånte ut utan løyve frå eigarane. No er porten open for allmenn bruk, der alle brukar vegen som ein bomveg og betaler for bruken. Det er på mange måtar ei forenkling, men også ei innstramming. Dei som ikkje betaler, vert registrerte og kontakta. Bompengeinntekta går til drift og vedlikehald av skogsvegen.

Skogsvegen på Haugland er bomveg der alle betaler avgift for bruken.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal