
Skogsvegen på Døssland er stengd for allmenn ferdsle - årsaka er sikkerhet.
Skogsvegen på Døssland er stengd for turgåarar og allmenn ferdsle. Årsaka er sikkerhet. Det er Johannes Feet i Englafjell skogsveglag som melder frå om dette. Vedtaket er gjort i samråd med AT skog som driftar tømmeruttaket i lia under Englafjell. Bruk av vogntog på vinterføre gjer mellom anna at ein ikkje vil ha turgåarar inn i område. Det er skilta ved avkøyrsla på Døssland.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Johannes Feet