Alle, både arrangørane, utstillarane, kundane og musikarane, var fornøgde med Haustmarknaden som SPAR arrangerte i dag. Til og med vergudane kom fram med smilet. Dei var det store spenningsmomentet på førehand, for yr melde både regn og vind tidleg på dagen. Men arrangørane fekk det veret dei fortente. Det starta med opphold og god temperatur, og på siste delen kom den varmande sola fram. Utstillarane var ikkje så mange, men det var særs godt utvalg. Alle eg snakka med etterpå, var svært fornøgde med salget og arrangementet. Musikken var med å skapte den gode stemninga. Atle Fredheim er ein super trubadur med eit stort repertoar, og han henta fram stemningsskapande og kjende songar. Svært godt framført. I begge avdelingane fekk han med seg ein annan multikunstnar, Sindre Aksnes, på toradar (bildet). Då tok stemninga mest av, og dei “sprekaste” heiv seg i dansen.

Til tider var det kø ved bodene.
Men straumen av folk var jamn heile tida.

Veldig populært var det også at Uskedal Helselag steikte lappar og serverte det, kaffi og saft gratis til gjestene. Takkene gjekk skikkeleg varme og gode lappar gjekk verkeleg unna. Spar spanderte røra. Det var også sett fram twist til gjestene.

Innimellom handling, lappeeting, kaffi og god drøs kunne gjestene delta i to konkurransar. I den eine skulle dei tippa vekta på ei solid fruktkorg. Her var Liv Astrid Myhre nærast. Ho tippa 7,40 kg. Godt gjort for fasiten var 7,45 kg. Den andre konkurransen gjekk ut på å tippa verdien på eit stort glas med smågodt. Smågodt til 7,90 kr pr. hg var eit av spesialtilboda denne dagen. Her blei det avslørt at Bjørgulv Eik er best bevandra i snopehyllene. Han var under ei krone frå fasit då han tippa 106,- kroner. Fasit var 106,97. Dermed blei det fruktkorg på Liv Astrid i premie, og eit solid snopeglas på Bjørgulv.

Både Sindre Aksnes med flotte trearbeid og Eik Gard med velsmakande eplemost og honning var fornøgde både med interessa og salget.
Frå Rødsten bilforretning AS blei det meldt om god interesse både for bil og dekk.
Gina og Laga på Holmen hadde selt klart meir enn det ho hadde forventa. T.v på bildet ser vi eplemost frå Eik Gard.

Innimellom aktiviteten nede ved butikken kunne dei som ønskte det ta seg ein tur på buldreloftet i Gamleskulen. Spennande det òg!!

Omkvedet frå alle som var til stades var det same: Dette må gjentakast til neste år, helst både vår og haust!

Denne gjengen var blant dei som kosa seg med lappar, kaffi, saft og god drøs i sola.
Kjersti, Hjørdis og Irmgard nytte som alle andre den flotte dagen!
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland

Utvalget av bilde kunne vore betre, men fotografen var travelt opptatt med boksalg på Uskedal Historielag sin stand. Derfor fekk han heller ikkje med seg THK-stiftinga sitt arrangement ved kle- og utstyrsinnsamlinga. Der var det også song, musikk og servering, og det var mykje vellæte frå dei som kom derfrå.