Musland Maskin utfører arbeid for Uskedal Vassverk med utskifting av om lag 100 meter vassledning i sentrum. Det er frå byte mellom Aga og Enes og fram til kummen ved Grano. Dette er ein del av den gamle hovudledningen gjennom sentrum, faktisk frå 1950 då Vassverket vart bygd. Arbeidet er rekna med å vera ferdig på tysdag i neste veke. Som ei mellombels løysing har ein brukt ein brannslange mellom Uskedal bru og Grano for å få vatnet fram til abonnetane i sentrum og mot Korsneset.

Hans Reidar Kjærland i Uskedal Vassverk fortel at vatnet truleg vert stengt tysdag morgon mellom kl. 07.00 og 09.00. Eiga melding kjem på uskedalen.no og som varsel til alle som er på Uskedal Vassverk si heimeside.

Det har vore lekkasje på den gamle hovudledningen. Det kom tydeleg fram då ein grov grøfta til den nye ledningen. Vatnet har ikkje vore synleg, men gått i auren og grusmassane. Dermed har det vore tap av vatn på denne strekninga.

Kjærland gjer merksam på at ved bruk av den mellombelse løysinga med brannslange, kan det oppstå korte vassbrot i helga. Bruk av brannslange vil alltid vera ei usikker og sårbar ordning. På natta utan tilsyn kan det i verste fall oppstå problem. Men som sagt, dersom alt går etter oppsett plan vert den nye lednignen kopla tysdag 21. juni mellom kl. 07 og 09.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal