AF Elkraft er på plass i Uskedalen for eit omfattande arbeid med forbetring av fylkeskommunale veglys. Det meste går på skifte av armatur, men også det å demontera eldre kablar og ledningar som ikkje vert brukt lenger. Eit anna arbeid er å fasa ut samkøyring med kommunale veglys.

Manuell trafikkdirigering.

AF Elkraft vurderer dette som ein større jobb, ettersom det gjeld heile Hordaland. Med god trafikkflyt rekk ein om lag 4 – 5 km kvar dag. I går var det Herøysundet og deler av Uskedalen. Ein jobbar seg på inn. Neste er fylkeskommunale vegar i Hardanger.

Arbeidslaget består av sju mann, tre på trafikkdirigering og fire i arbeidet med utskifting av armatur og kablar.

Trafikken flyt fint. Ein av trafikkdirigentane fortel at det er stor skilnad på korleis bilistane tek dette med dirigering. I og rundt Bergen er ein meir stressa og ofte får ein høyra negative kommentarar. Ute i distriktet er ein meir displinerte og høfflege. Alle syner ei langt betre framferd.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal