Skårhaug opp - Noregs lågaste motbakkeløp, tysdag 15. august.
Styremedlem i Friluftslaget, Tormod Myklebust, hadde ideen om eit motbakkeløp frå Sandakaien til Skårhaug, 49 moh. Det er truleg Noregs lågaste toppturløp. Løypa vert lengd med ei sløyfe bortom skulen og så langs stranda og båthamna, opp langs elva, over fylkesvegen og til slutt motbakken mot toppen, tilsaman 1,7 km. Tilskipinga vert i samarbeid med Uskedal Idrettslag. Tor Vidar Sæle er arrangementsleiar. Med seg i plannemnda er Tormod Myklebust, Chris Fossli, Audun Eik og Pål Haugland. I tillegg kjem tidtakarar og løypevakter. På plamøte laurdag var ungdomane Frøy, Trym og Birk med for mellom anna få fram synspunkt frå ei stor brukargruppe i den alderen.
Straks etter motbakkeløpet vert det sommarkonsert på Stemneplassen, mellom anna med Uskedal musikklag og Rustne Menn. Her vert det kiosk, premieutdeling og andre innslag.
Skårhaug Opp vil ha 6 klassar, jenter og gutar aldersbestemt frå barnesule, ungdomsskule og vaksne. I tillegg kjem mosjonsklassen som vil gå på idealtid. Informasjon om påmeldingar vert lagt ut gjennom idrettslaget si nettside.
Med Skårhaug Opp – Noregs lågaste motbakkeløp tek Friluftslaget eit steg vidare i arbeidet med å profilera og ta Stemneplassen i bruk til ei rekkje friluftsaktivitetar.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal