I sammøte med Uskedal Idrettslag og Uskedal Friluftslag er datoen for Skårhaug Opp 24 sett til torsdag 15. august. I oppsummeringa kjem det fram at motbakkeløpet Skårhaug Opp var eit vellukka arrangement. Til å vera ei nyskaping og eit kort løp var deltakinga svært god. Ein vel å halda på same traseen med start på Sandakaien og mål på toppen av Skårhaug, 49 moh. Les meir om nokre presiseringar:

  • Uskedal Idrettslag er teknisk arrangør og melder motbakkeøpet inn til kretsen
  • Uskedal Friluftslag er medarrangør og står for kiosksal og lotteri
  • Det vert premieutdeling straks etter løpet er ferdig
  • Friluftskonserten på Stemneplassen vert lagt til ein annan dag
  • Uskedal Musikklag og evt. andre musikkgrupper vert likevel spurde om å vera med sjølv om det ikkje vert konsert
  • Friluftslaget og Idrettslag vil i god tid før neste løp ha eit sammøte om detaljane.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal