Hell i uhell, seier Siv Framnes på Bygdetunet Rød. Ei stor grein måtte gje tapt og brotna i dei sterke vindkasta i går. Eikjo frå sein mellomalder på Rød er eit av mange freda tre i Noreg. Vedtaket om fredning går tilbake til 1920 talet. Greina sneia hushjørna på smia. Smia står like støtt, men Eikjo har fått seg eit varig sår. Skaden skjedde midt på dagen i går, onsdag i denne veka. Kvinnherad kommune som eig og driftar Bygdetunet Rød er kontakta.

Brotet vil truleg føra til eit varig sår på Eikjo.




Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Siv Framnes