Etter to år med pause var det i dag klart for ny marknad i Rosendal. Alt i september var messa fullteikna. Heile sju utstillarar med sine standar var med frå Uskedalen. Stemninga var god og så langt vi kunne sjå, var alle nøgde med godt sal. Berre ein halvtime etter messa var opna, var det mykje folk og kring kl. 12.00 var det kø i lokale og ved salsbodene. Nytt i år var det at Uskedal Historielag profilerte boka Den nære fortida ved sal for Rosendal Bokhandel. Toppbilete syner Inger Naterstad med nokre av sine produkt.

Hjønnevåg sel alltid godt på Jul i Rosendal. Sist laurdag var dei på messe i Tørvikbygd.

Frå Uskedal varelles desse med:

  • Hjønnevåg
  • Friheim Gardsmat
  • Eik Gard
  • Kjellaug Hella Myklebust
  • Inger Naterstad
  • Kjell Musland
Kjell Musland er på stand saman med Svein Opdal.

Kjellaug Hella Myklebust har sine faste kundar. Ho sel ut det meste av det ho har med av bakarvare på messa.
Eik Gard med saft og honning.
Mange nyttar høve på Jul i Rosendal med å kjøpa julematen frå Friheim Gardsmat.
Uskedalsboka og boka til Kaare Skaala selde godt på messa i dag. F.v: Kaare Skaala, Thor Inge Døssland og Kristian Birngedal
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal