I 16 år har Kvinnheradstiftinga tildelt 1910 gåver til ein samla verdi av 205 millionar kroner. I vårhalvåret kom det inn 135 søknader med ein samla søknadssum på kr. 78 mill. kr. Tildelinga lyder på 6,2 mill. kr. I tillegg kjem løyving til plastdugnad der 350 born har vore med og sikra midlar til fotballag og andre prosjekt i nærmiljøet.

Uskedal Helselag: Gåve til Demens – omsorg for pårørande.
Uskedal Idrettslag: Gåve til nytt lydanlegg og til kostemaskin.
Uskedal Ungdomslag: Gåve til renovering/vedlikehald Helgheim og Fjelly.
Forsamlingshuset Vonheim: Gåve til enøktiltak – nye vindaugo.

På samlinga i Kulturhuset Husnes i kveld vart det delt ut gåver til fem lag og organisasjonar i Uskedalen. To av laga fekk to gåver kvar. Her kjem lista:

  • Uskedal Ungdomslag: kr. 18 000,- til renovering og vedlikehald Fjelly
  • Uskedal Ungdomslag: kr. 100 000,- til renovering og vedlikehald Helgheim
  • Uskedal Helselag: kr. 30 000,- til Demens – omsorg for pårørande
  • Uskedal Idrettslag: kr.200 000,- til nytt lydanlegg Aktivitetshuset
  • Uskedal Idrettslag: kr. 62 000,- til kostemaskin
  • Uskedal Friluftslag: kr. 140 000,- til nytt amfi og tilpassa tilgang rullestolbrukar
  • Forsamlingshuset Vonheim: kr. 72 000,- til energisparing – nye vindaugo
Uskedal Friluftslag: Gåve til nytt amfi og tilpassa tilgang rullestolbrukarar.

Den største gåva i kveld var ei milliongåve til Rosendal Bygdalag til to volleyballbanar i Rosendal.

Ei nyhende kom til slutt då det vart kunngjord tilskot til Frivilligløftet 2026, pålydande 2 millionar kroner. Frå 27. april fram til 26. mai er det ope for å søkja midlar til drift av lag, organisasjonar og andre frivillige tiltak. Løyvinga kan mellom anna gå til drift, vedlikehald og utstyr. Tilskotet har namnet Eit løft for dei som løftar.

Som vanleg var det god mat – koldbord, kaffi og kaker.

Tekst/nett. Kristian Bringedal
Foto: Kristian Bringedal/Hans Ordin Østebø