
Sjøkabel frå Børnes til Nautaneset på Skorpo
Kabelskipet NAUTILUS MAXI frå Seløy Undervasservice har vore på fjorden i går og i dag og lagt ny høgspentkabel til Skorpo. Sjøkabelen går frå Børnes til Nautaneset og vidare i luftspenn fram til brukarane. Kjell Enes i BKK nett er prosjektleiar og fortel at arbeidet vert gjort for å sikra Skorpo med alle sine abonnentar sikker straum. Det gjeld både til hus, hytter og til dei som driv næring, som til dømes oppdrettsanlegget på nordsida.
Sjølve kabelstrekket i sjø er på 1700 meter. Det går frå Børneskaien fram til Nautaneset. På Børnes vert kabelen lagt i jord fram til koplingsskåp. På Skorpo går høgspenten 1000 meter i luftspenn frå ilandføring og fram til stasjon. Linja vert sydd saman med eksisterande linje frå nord, som går frå Ljosnes i sjø til Snilstveitøy og vidare fram til Skorpo.
Sjøkabel er sårbart og eit brot fører ofte til straumbrot på fleire dagar. Det er difor viktig å ha sikkerhet med to kablar fram til brukarane. Framføring av fiber til Skorpo er ein del av arbeidet. Fiber har vore etterspurd på Skorpo. No vert det ei løysing.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Øystein Enæs