På Ukraina-lageret i Uskedalen har vi mykje varer som er klare for
sending. Gjeverar kjem med sekker og utstyr som dei
donerar til Ukraina. Når traileren kjem, 23. oktober, vert dette siste
sending i år. Det er vanskeleg å sei, når ein eventuell ny
hjelpesending, kan bli. Som alle veit, er Ukraina framleis i ein tragisk situasjon. Krigen gjer at dei må kjempa for fridom og fred. Innsatsen er formidabel. Ufatteleg mange familiar har det vanskeleg, blant anna, for at far er i krigen.


Mange er interne flyktningar, andre har flykta frå heimlandet. I tillegg
vert store deler av landet bomba og øydelagt. Jordbruksland er minelagt m.m. Energisituasjonen er vanskeleg. No kjem for mange ein hard vinter. Vi opplever at krigen trøttar ut gjevarlanda som til no har hjelpt Ukraina. Samtidig veit vi at om vi sviktar Ukraina i desse tider, er framtida mørk. I Ukraina er det mange nye gravstader, der ungdomar i tusental ligg. Nyttig å tenkja på at dei kjempar ein forsvarskrig. Tapar dei, så er det eit tap for oss og.


Lageret i Uskedalen tek mot klede, sko, sengklede, tepper, madraser,
soveposar, leiker m.m. Ring for avtale om levering. Lageret vil og vera
ope to laurdagar i oktober. Sjå annonse i avisene

Ukrainalageret i Uskedalen
Lageret vert ope: Laurdag 07.10 –kl. 11.00 – 13.00
Laurdag 14.10- kl. 11.00-13.00
Ring for levering:97147851

THK-stiftelsen

Tekst: Pressemelding
Foto: Arkivfoto
Nett: Kristian Bringedal