Sirkus AGORA sine framsyningar måndag og tysdag i neste veke er flytta frå Børneset Industriområde til ein parkeringsplass på Husnes. Årsaka er ikkje kjend, men det har truleg noko med infrastrukturen å gjera. Søllesvik gav løyve til å bruka det aktuelle område på Børneset. No er det gjort kjend at sirkuset vert på Husnes. I 2018 var sirkus AGORA i Uskedalen, den gongen på Rabben Camping.

kb