Singing Tweens er eit tilbod for born frå 1. klasse og oppover. Den fyrste samlinga i haust vert onsdag 5. september. Øvingane går annakvar onsdag fram til 12. desember. Frammøte er i Uskedal kyrkje kl. 15.45, ikkje kl. 17.00 slik det har vore før. Det er Nelly Kjærland saman med Trude Skogtun, Svanhill Haugland og Jon Harald Kjærland som driv dette barne- og ungdomsarbeidet. Dei i 6. klasse og oppover er velkomne som syngjande hjelparar. Tidlegare og nye medlemer er hjarteleg velkomne til å vera med i Singing Tweens.


Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Frå plakaten