Leiarar hentar barna som blir med etter skulen.

Singing Tweens er eit tilbod for born som går i 1. – 5. klasse. Øvingane har vore i kyrkja, og det vil dei halda fram med. Derimot vert øvingstida forandra. Det vert gjort for å finna betre tider som høver med kva borna er med på av aktivitetar elles. No vert øvingane rett etter skuledagen er slutt, og leiarar vil henta dei som blir med, på skulen og gå saman med dei til kyrkja.
Barnekoret Singing Tweens, i regi av Sundagsskulen, er for gutar og jenter. Tilbodet er for alle. Ein treng ikkje vera døypte for å vera med på Sundagsskulen sitt program. Elevar i 6. og 7. klasse kan vera med som hjelpeleiarar.

Tekst: Nelly Kjærland
Foto: Skjermfoto av plakaten
Nett: Kristian Bringedal