Singing Tweens har saman med Rosendal barnekor og Rosendal Tweens halde to konsertar; på henholdsvis Husnestunet og Rosendalstunet den 18. og 19. desember. Om lag 25 born framførte barne- og julesongar til stor gleda og applaus frå dei mange frammøtte. Konsertane vart sponsa av Den kommunale spaserstokken. Kordeltakarane fekk servert pizza og brus begge dagane. Solfrid Siqveland leia konsertane, og det vart gitt høve til å kjøpa julegåvebrev til inntekt for Kirkens Nødhjelp sitt arbeid i Ukraina. På juleafta vert Singing Tweens med og syng på julegudstenesta i kyrkja vår.

Vilde Helene Hesjedal syng solo på Under stjernene.
Singing Tweens med førjulskonsertar på Husnestunet og Rosendalstunet. Bilete syner gruppa frå Uskedalen som syng to julesongar åleine med Amber og Mari som solistar.
Tekst/foto: Nelly og Jon Harald Kjærland
Nett: Kristian Bringedal