Det siste frå den kreative Sindre Aksnes er ein artig fuglekasse. Bilete syner fuglekassen i naturen nær Kaffiholo på Haugland. Naturvernforbundet i Kvinnherad inviterte store og små til fuglekassedag i verkstaden på Bergslagen på Sunde med oppgåve om å laga fuglekassar. Hovudpremien på quizen var den fantastiske fuglekassen, laga av Sindre Aksnes. Berre fuglekassen var grunn god nok til at ein burde ta turen til Bergslagen. Uskedalen.no spør om fuglekassen frå Uskedalen kan bli eksportvare.

Fuglekassen til Sinde Aksnes. Det er 18 cm frå botn til holet.

Sindre Aksnes fortel til uskedalen.no at framsida er av ein vedkubbe som han har splitta opp og formar med vinkelslipar og eit treskjæringsjern, eit såkalla v-jern. Resten vert laga av vanleg 6 toms bord. Taket er av eik. Holet har ein diameter på 32 mm og skal dermed mellom anna passa for kjøttmeis, blåmeis og flogesnappar. Til slutt svir han treverket litt med gassbrennar.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Privat