Konsert i Rosendal samfunnshus søndag kl. 19.

Musikarane i Uskedal Skulemusikk og Rosendal Skulekorps får ein oppstart på sesongen som er både kjekk og god. I ettermiddag reiser dei med godt over 30 musikantar og mange foreldre til Kinsarvik. Der ventar ei svært innhaldsrik helg før dei vender tilbake til heimkommunen og held hentekonsert i Rosendal Samfunnshus søndag kl. 19.

Overnattinga skjer på Mikkelparken Ferietun i hytter og eigne campingvogner, og etter framkomst og innsjekk blir det tid til ein god times fellesøving før middag. Etter middagen blir det god tid til sosialt samvær.
Laurdagen og søndagen har kjekt, tett og variert innhald. I tillegg til all øvinga og måltida blir full fart både i Mikkelparken og i bassenget på campingen i tillegg til sosialt samvær og leikar laurdags kvelden.
Søndag ettermiddag forlet den musikkglade gjengen Kinsarvik for så å ta siste finpuss for konserten i Rosendal Samfunnshus kl. 19.
Etter konserten reknar eg med at det er ein fornøgd og inspirert gjeng som reiser heim, kvar til sitt.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Arkivfoto