Kvinnherad Vekstbedrift markerte i dag at Vaskeriet er sertifisert og godkjend som medlem i Norges Vaskeriets Kvalitetstilsyn. Det vil sei at vaskeriet er tilrettelagt og godkjend for alle typar vask, også for sjukehus og institusjonar. Markeringa vart gjort i lunsjpausen i dag med alle tilsette samla. Dagleg leiar, Tor Vidar Sæle, var stolt og fortalde om bakgrunnen for sertifiseringa. Ein har jobba eit halvt år med godkjenning og dokumentasjon. No er godkjenninga på plass. Det inneber at ein må fylgja opp med vassprøvar og prøvar frå maskinane og alt utstyr. Alt skal journalførast og vera klar for framvisning ved inspeksjon.

Leiargruppa syner stolt fram diplom og medlemsbevis. F.v: Toma Kochaniak, Eli Ersland, Tor Vidar Sæle og Andrzej D.

Vassprøvane gjeld også rett PH verdi. Det er viktig for rett vask slik det er føreskrive frå kundane. For å få dette til, må ein ha eit godt samarbeid med Uskedal Vassverk. Vaskeriet er med denne godkjenninga klassifisert i gruppe A som er den beste utmerking eit vaskeri kan oppnå. Dermed kan ein ta vask for alle, også arbeidsty for næringslivet.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal