Eiendomsmegler 1 legg ut at Uskedalsvegen 572 er seld. Det er den mest sentrale tomta med hus i Uskedalen. Arealet ligg like ved kyrkja, SPAR, båthamnene og campingplassen. Ny pris sett for nokre veker sidan gjer at totalprisen var 1,5 millionar kroner. Uskedalen.no er ikkje kjend med kven som er den nye eigaren. Alt i oktober gjekk det brev frå Uskedal utvikling til Kvinnherad kommune der ein bad eigedomsavdelinga vurdera det som vert kalla eit stratetgisk kjøp, med tanke på å sikra ei attraktiv sentrumstomt brukt mellom anna til parkering og som eit tilleggsareale til kyrkja. På spørsmål frå uskedalen.no kjem et fram at kommunen er i posisjon, men er lite aktuell som kjøpar. No er eigedomen seld. Det er positivt.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Lånt frå prospektet