Senterpartiet vil høyra bygda si meining i aktuelle saker.
Dette er ei melding til bygdelag, næringsliv og frivillige organisasjonar i Uskedalen og Herøysund. Kvinnherad SP er igang med ein møterunde i heile kommunen, for å diskutera lokalpolitikk og samla forslag, innspel og idear me kan vurdera å ta med i programmet. Smått og stort, lokalt eller generelt, de meinar kommunen bør engasjera seg i. No er turen komen til Uskedalen og Herøysundet, og me håpar at nokon frå alle laga, bedriftene og organisajonane har høve til å treffa oss torsdag 13.april kl 19.00. I tillegg til programnemnda er og dei andre på SP-lista inviterte. SP bed om tilbakemelding i løpet av tysdag om de kjem på møtet. Utfrå tilbakemeldingane vel me om møtet vert på skulen i Uskedalen eller i Herøysundet. Bilete på topp syner sentrum i Uskedalen. Sentrumsutvikling med områdeplan er ei aktuell sak.
Velkomne. Det vert kaffi og litt å bita i.
Svein-Åge Vangdal – leiar Kvinnherad SP
Tekst: Pressemelding Foto: Arkivfoto Nett. Kristian Bringedal